Teatersjef Solrun Toft Iversen, Det Vestnorske Teateret. Foto: Det Vestnorske Teateret

Beredskap for når støvet legg seg

Det seier seg sjølv at den opplagte fasiten glimrar med sitt fråvær i ein slik situasjon vi no er oppe i, skriv teatersjef Solrun Toft Iversen. Ho framhaldar at vi kjem til å trenge kreftene våre til å løfte i lag på den andre sida av karantenestillheita.

Det er uverkelege tider dette. Eg trur ikkje nokon av oss var budd på det. Det påverkar den enkelte sin økonomiske tryggleik og aktiverer mange

PERMITTERINGSDEBATT

Tidligere artikler og innlegg:

“Adjø solidatritet?”, intervju med tillitsvagte på Nationaltheatret, 30.03.2020: 

http://shakespearetidsskrift.no/2020/03/adjo-solidaritet

Pressemelding, Skuespillerforbundet 31.03.2020

http://shakespearetidsskrift.no/2020/03/skuespillerforbundet-kritisk-til...

“En samordnet permitteringsuttak”, intervju med Balz Baumgartner, 01.04.2020

http://shakespearetidsskrift.no/2020/04/et-samordnet-permitteringsuttak

“Teater i en krisetid”, innlegg fra teatersjef Hanne Tømta, 02.04.2020

http://shakespearetidsskrift.no/2020/04/teater-i-en-krisetid

“Mål som helliger middelalet”, innlegg fra Mette Brantzeg, 03.04.2020

http://shakespearetidsskrift.no/2020/04/mal-som-helliger-midlene

Se også: Morten Gjelten: “Ansvarlige valg i ekstreme tider” NTOs hjemmesider: 

http://www.nto.no/Arbeidsliv/Koronasituasjonen/Ansvarlige-valg-i-ekstrem...

refleksjonar som går langt utover den enkelte si eigeninteresse. Slik les eg også dei ulike innlegga i debatten om statsstøtta institusjonar si permittering av tilsette. Men sjølv om ein legg gode åsikter til grunn kjenner eg trong til å flagge korleis eg opplever meiningsbrytningane vi har sett dei siste dagane. Eg ser kimen til ein retorikk som egnar seg til klassekamp og polarisering, snarare enn konstruktiv refleksjon over dilemma og paradoks i dei prosessane som no går føre seg i ei særs uoversiktlig tid. Ei tid der vi alle har ein felles agenda; å verne dei kunstnarlege ytringspostane.

Det seier seg sjølv at den opplagte fasiten glimrar med sitt fråvær i ein slik situasjon vi no er oppe i. Eg merkar det som relativt ny leiar, og eg gjettar på at andre i liknande stillingar opplever det likeins. Når det er sagt vil det kle oss dårleg å annektere plattform for medynk i denne ordvekslinga. Vi har fått tillit, ressursar og makt av fellesskapet og no er det vårt soleklare ansvar å  forvalte det i ein ekstraordinær situasjon. I desse vurderingane er omgrepa ressursar og samfunnsoppdrag kjernepunkt.   

Det kan verke som om nokre av meiningsytringane ynskjer å legge til grunn at offentleg finansiert kunst burde vere ein sjølvforsynt eining som ikkje vert påverka av bortfallet av publikum og inntekter. Vel, det er ikkje tilfelle. Det påverkar både teateret si bæreevne til å aksle samfunnsoppdraget sitt og det påverkar sjølve tilgongen til å utføre dette samfunnsoppdraget. Slik er den norske modellen. Slik er verkelegheita for offensive institusjonar som lenge har kjent effektivitetsreformen sitt kvelande grep.Teater som har tilkjempa seg terreng og armslag i kraft av publikum og billettinntekter. Terreng som har gjeve feltet meir breidde i repertoaret, fleire oppdrag til kunstnarar, meir vitale og travle teaterhus som kan ta risikoar. Desse husa sine sesongar er direkte avhengige av kvarandre og er basert på kalkulerte risikoar og berekna inntekter. Den eine suksessen støttar den neste storsatsinga - eller den smale perla. Å arrestere kunstnarlege leiarar for ein slik strategi i desse dagar opplever eg som kontraproduktivt. Om eg skal spå så er det nettopp slik dristigheit og kampvilje vi vert nødt til å dra opp av hatten når arbeidet vårt skal gjenopptakast etter dette. 

Må vokte oss for «oss og dei» dikotomi

Eg trur ikkje det er mi oppgåve som teatersjef å unngå permittering av tilsette for ein kvar pris. Og eg gjenkjenner ikkje på nokon måte at kulturdepartementet har oppmoda meg til det. Snarare tvert imot. All den tid det ikkje er politisk mogeleg å verne institusjonane for bortfall av inntekter må vi balansere drifta etter det ansvaret styresmaktene gjev oss. Mi oppgåve er difor å trygge arbeidsplassar på lang sikt. Dei tilsette utgjer alle verdifulle ressursar for kulturnorge og vi får bruk for dei i den store jobben som skal gjerast etter dette. Kvar institusjon er ulik og mange er urolege eller opprørte med svært forståeleg grunn. Men vi må vokte oss for «oss og dei» dikotomi i denne tida. Eg opplever tanken om at institusjonane skulle ha ein agenda for økonomisk vinning på bekostning av dei tilsette som absurd. Teateret sin økonomi set rammer for kva ein kan produsere og kva arbeidsoppgåver vi kan ha å gå til i framtida. For kva kunst ein kan produsere. Difor tenker eg og mange andre leiarar på ressurssituasjonen. Det er vi forplikta til. Det er fellesskapet sine midlar vi nyttar. Dei skal gå til best mogeleg og mest mogeleg kunst. Det er det som er samfunnsoppdraget vårt og vi har ingen grunn til å anta at dette vert lettare etter at samfunnet har lagt i dvale og vi skal ressonnere saman med ein heilt ny grunntone i ei pandemiramma samtid. Vårt samfunnsopdrag er ikkje å beskytte oss sjølv og gje ly for dei konsekvensane som resten av samfunnet opplever. Våre tilskot er direkte bunden til kunstnarleg verksemd og vår oppgåve er å gje det kunstnarlege tilbodet til publikum vekst og relevans. Dette krev ressursar. Å kontrollere tapet no er å ruste oss for dette.

Samfunnsopdraget

Vi veit ikkje kor lenge dette varer og har altså ikkje utsikt til nokon krisepakke som kan sikre det komande repertoaret eller drifta vår i framtida. For nokre av oss utgjer fråfall av inntekter ein god tredjedel av budsjettet. Det gjer det på landets største scener, men også på det betrakteleg mindre Vestnorske i Bergen.  Eg trur alle seier seg oppriktig lei for at tilsette no vert ramma av det, men det ville også vere søkt om bortfall av publikumkontakt ikkje skulle ha nokon konsekvensar for vår sysselsettjing. Det seier noko om eit teater og institusjonssyn som er suverent og har nok i seg sjølv. Vi treng publikum for å ha meining med det vi gjer på same måte som vi treng publikum for å finansere aktiviteten og ambisjonane våre. Dei budsjetterte inntektene skal ikkje berre dekke eit løpande lønsbudsjett men også finansiere kunstnarlege satsingar som er planlagte. Dramatikarar og komponistar som no skriv, kunstarlege krefter som no førebur seg til å løfte og utfordre teateret sine tilsette så snart det er trygt å jobbe saman att. Framsyningar vi kjem til å trenge når dette infernalske støvet legg seg og vi igjen kan rekke ut etter eit fysisk tilstadeværande «oss». Åndsverk som skal skapast i og for ei tid vi no gjer oss budd på. Ei tid som vert krevjande som denne er, og som fordrar teaterleiing som tek dette ansvaret og ser til at vi kan greie å løfte det samfunnsoppdraget som då vil stå meir skjerpa enn nokon gong.

Vi lyt stå sterke med ressursane våre intakte til å løfte det arbeidet det blir å bere ved til alle leirbåla att. Og anten ein likar det eller ei er institusjonane sin økonomi ein del av ein ansvarleg beredskap for samfunnsoppdraget. Eg har opplevd det som eit tøft ressonnement å gjere – og eit endå tøffare ressonnement å formidle mine medarbeidarer – for vi kan på ingen måte gjere det utan teaterhusa sine musklar, deira hjarte og deira skarpe hjerne. Med andre ord dei tilsette. Difor treng vi ein samlande og ikkje ein splittande retorikk. Ytringsrommet vårt må vere opent og eg veit at eg som leiar har hatt god nytte av motstand og alternative perspektiv i denne tida. Det er mange alvorlege konsekvensar å ta inn over seg og eg har framleis bruk for den sjølvrefleksjonen og dialogen. Men eg kunne verkeleg, verkeleg ønske meg å sleppe ein diskurs som går etter å splintre det felles målet vårt. Nemlig scenekunstinstitusjonar som framleis har ressursar til den store jobben det vert å stykke det store «oss» saman att. 

Det er det som er samfunnsoppdraget slik eg ser det. 

Solrun Toft Iversen.Teatersjef Det Vestnorske Teateret

(Publisert 05.04.2020)