Kunstretorikaren

PODCAST

Kunstretorikaren ep. 4

4. episode av Kunstretorikaren handlar om motstand og samarbeid. Koreograf og dansar Mette Edvardsen, koreograf og dansar Mia Habib og koreograf og dansar Thomas Talawa Prestø snakkar med Jonas Øren om kunstnarstemma og kunstnarvirket satt i samanheng med kritikk, hets og trakassering, media og kunstinstitusjonane. Samtalen er satt i lys av Kulturrådets seminar og innspelsmøte om hets og trakassering i kunstfeltet (8. april 2021). I denne podcasten snakkar Jonas Øren med kunstnarar og fagpersonar for å undersøke språket som er med på å definere kunsten. Podcasten er produsert av Jonas Øren for Norsk Shakespearetidsskrift. Erik Spanne har skapt musikken. Produksjonen er støtta av Fritt Ord. Episoden er delt inn i kapitel. Sjå kapitel-symbolet i spelaren.
PODCAST

Kunstretoriaren ep. 3

Om kunstspråket som formast av kommunikasjonsplattformar og publikumsstrategi, formidling og teateridentitet. Gjestar: Erik Årsland, kommunikasjonssjef ved Dansens Hus, Marte Stubberød Eielsen, informasjonskonsulent og redaktør ved Nationaltheatret og Hedda Høgåsen Hallesby, dramaturg og tidlegare informasjonskonsulent ved Den Norske Opera og Ballett. I denne podcasten snakkar Jonas Øren med kunstnarar og fagpersonar for å undersøke språket som er med på å definere kunsten. Podcasten er produsert av Jonas Øren for Norsk Shakespearetidsskrift. Erik Spanne har skapt musikken. Produksjonen er støtta av Fritt Ord.
PODCAST

Kunstretorikaren ep. 2

I 2. episode av Kunstretorikaren snakkar Jonas Øren med dramatikar (ny husdramatikar ved Nationaltheatret for å vere presis) og forfattar Camara Lundestad Joof om kunst og aktivisme. Her drøftast mellom anna motivasjonen og drivkreftene som ligg i politiske bodskapar i kunstproduksjon, strategisk språkbruk, definisjonsmakt, og debatten om KHiO. Podcasten Kunstretorikaren er samtalar mellom Jonas Øren og ulike kunstnarar, kunstformidlarar og fagpersonar. Her undersøkast språket som er med på å definere kunsten og dei menneska som jobbar med kunst – i scenerommet, men også i media og i samfunnet. Podcasten er støtta av Fritt Ord.
PODCAST

Kunstretorikaren ep. 1

Retorikk, narrativskaping og ordet si makt på og av scena. Gjestar: Professor i regi Kai Johnsen og advokat Cato Schiøtz. I denne podcasten snakkar Jonas Øren med kunstnarar og fagpersonar for å undersøke språket som er med på å definere kunsten. Podcasten er produsert av Jonas Øren for Norsk Shakespearetidsskrift. Erik Spanne har skapt musikken. Produksjonen er støtta av Fritt Ord.