Ane Dahl Torp og Sjur Mileteig. Regi: Peer Perez Øian. Foto: Erik Berg

Solaris korrigert - digitalversjon i kveld

I dagane da teatret må halde stengt, vil teateret finne nye vegar å nå ut til publikum. Først ut er premiere på digitalversjon av den prisvinnande og kritikarroste teaterframsyninga "Solaris korrigert". Les pressemelding her:

SOLARIS KORRIGERT - digitalt teater

Av Øyvind Rimbereid

Premiere fredag 20. mars kl. 20.00

I ei stove nær deg

Live på facebook i kveld. Framsyninga blir også liggjande på teatret sine nettsider ei tid framover.

– Vi står i ein krevjande situasjon, men vi er en sterk organisasjon som handterer krisa som har ramma oss sammen. At det er så usikkert når en normaltilstand igjen kan bli oppretta gjer det heile svært vanskeleg, seier teatersjef Erik Ulfsby om det å drive eit teater som må halde stengt grunna den nasjonale koronakrisa. - I underlege tider som desse, er det meir bruk for kunsten enn nokon gong. Ein roman, eit musikkverk eller ei teaterframsyning kan gi rom for refleksjon og ro. Vi er eit hus fylt med kreativitet, og kriser og motgang har ein tendens til å få kreativiteten til å blomstre. Det er nett dette som hender blant dei tilsette no, seier han.

Digitale innblikk i kvardagen

I staden for å berre stenge dørene, har Det Norske Teatret bestemt seg for å finne nye måtar å nå ut til publikum på, og med dette fylle samfunnsoppdraget som kulturaktør gjennom å tilby digitale versjonar av teaterframsyningar frå repertoaret. Teaterets kunstnarar og andre tilsette vil også gjerne gi eit innblikk i ein kvardag slik den artar seg no.

Første digitale vising

Solaris korrigert, som hadde premiere på Hovudscenen i 2015, undersøkjer skodespelar Ane Dahl Torp og komponist Sjur Miljeteig kva framtida kan seie oss om oss sjølve i dag gjennom Øyvind Rimbereids fortellande science fiction-dikt. Det handlar om robotoperatøren Aig, som er i ferd med å flykte inn i ei virtuell verd fordi jorda er blitt ubeboeleg. Framsyninga blei heidra med Heddaprisen for Årets teaterprosjekt, Beste kvinnelege hovudrolle og Beste audiovisuelle design i 2016. No kjem den for første gong ut som digitalt teater. (Pressemelding 20.03.2020)

Publisert på: 
fre, 03/20/2020 - 12:51